Astrid skal mellom anna jobbe med nynorske turbibliotek i dagsturhyttene, biblioteknettsider og planlegging av kurs og fagsamlingar.  Ho er utdanna litteraturvitar frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim, og har også studert engelsk og historie. Astrid kjem frå stillinga som medieovervaker og analysemedarbeidar i mediebyrået M-Brain i Tallinn, Estland.