Det er altså å setje i gong prosessen med å utarbeide ein bibliotekplan for Sogn og Fjordane Ágúst vil gå i gang med aller først. - Eg håper at bibliotekplanen blir meir enn ein plan; at vi kan følgje opp tiltaka og slik skape ny giv hos biblioteka i fylket. Eg synest det er viktig at biblioteka er interessante for barn og unge, at dei i framtida har eit relevant innhald for brukarane, at dei kan vere kulturelle og sosiale møteplassar: eit lågterskeltilbod for alle, seier han.

For å få dette til krevst skikkelege biblioteklokale og at biblioteka blir meir enn ein lagerplass for bøker. Han håper at fylkesbiblioteket i samband med gjennomføring av tiltak i bibliotekplanen kan bidra med økonomiske midlar til biblioteksutvikling, legg Ágúst til. - Fylkesbiblioteket skal ikkje overstyre biblioteka i fylket, men vere til hjelp i biblioteksutviklinga, understrekar fylkesbiblioteksjefen. Han ser mellom anna for seg at tiltak i bibliotekutvikling og litteraturformidling som allereie er igongsett ved folkebibliotek i fylket er noko som fylkesbiblioteket kan hjelpe andre folkebibliotek med å iverksetje.

Ágúst er også oppteken av at biblioteka lærer seg å bruke IKT-tenester som mellom andre nettsamfunnet Facebook http://www.facebook.com, wiki og blogg i formidlinga og i kontakten med brukarane. - Ved Kvinnherad folkebibliotek har vi teke Facebook aktivt i bruk gjennom å opprette profil, og der legg vi ut filmsnuttar av tilstellingar, konsertar, arrangement og anna slik at utflyttarar kan halde seg orientert om heimstaden, fortel han.

På denne måten får biblioteket også marknadsført seg og tenestene sine, og profilering av institusjonen bibliotek og kva det kan tilby er fylkesbiblioteksjefen oppteken av. - Eg føler at det er mykje å hente for biblioteka når det gjeld marknadsføring. Eg trur dei har ubrukte potensial i seg, meiner Ágúst.

Han er også opptatt av at samlingsutviklinga i biblioteka blir teke godt hand om, og han er ikkje redd for at kassering kan svekkje utvalet. - Eg meiner at kassering er med på å gjere samlingane betre. Ágúst trur at å utvikle gode bokpratarar er viktige, og meiner at sjølv om alle bøker ein gong skulle bli digitaliserte bør nokon rettleie brukarane. - Uansett grad av digitalisering treng publikum ein arena for opplæring i å finne og søkje, vurdere og bruke informasjon, trur Ágúst og ser eit potensial for biblioteka i det å vere hjelparar i informasjonssøking og kjeldekritikk.

Når det gjeld utvalet av litteratur i biblioteka synest han at det bør innehalde det vi kan kalle både serielitteratur og meir smalare litteratur. Men Ágúst meiner at sidan den smale litteraturen og dei klassiske bøkene (kanoniserte) ikkje blir så sterkt marknadsført og gjort til gjenstand for publisitet frå forlaga har biblioteka eit ekstra ansvar for å formidle desse. - Eg har ingenting imot serielitteratur, men synest det er grådig viktig å lese klassikarar.

I denne samanhengen fortel Ágúst om eit samlingsutviklings-samarbeid i Sunnhordland der bibliotek har gått saman om eit regiondepot av serielitteratur slik at dei lånar av kvarandre. Ei gruppe i samfunnet som nyttar folkebiblioteket svært mykje er som vi alle kjenner til innvandrarane. - Eg er oppteken av denne brukargruppa, og eg meiner at biblioteka kan spele ei vesentleg rolle i integreringa av desse og utgjere ein forskjell, meiner fylkesbiblioteksjefen.

Ágúst har naturleg nok etter berre nokre dagar i sjefsstolen ikkje fått satt seg inn i alt, men han er godt i gong. - Eg har lyst å besøkje biblioteka i fylket, og vi skal kome i gong att med dei regionale bibliotekmøta, signaliserer han. Kultur-og kirkedepartementet skal kome med ei stortingsmelding om bibliotek og om digitalisering. Når desse kjem er uvisst, mange datoar har vore nemnt, siste no i mars/april (før påske). - Eg er spent på kva bibliotekmeldinga vil innehalde, og har store forventningar om at den kan vere med på å løfte biblioteka. Eg er spesielt spent på kva meldinga seier om det organisatoriske - korleis biblioteka i dei ulike nivåa skal organiserast. Eg er også nysgjerrig på å få vite om meldinga legg opp til pengemidlar utløyst gjennom prosjekt, eller om det blir "dryssa" midlar utover biblioteksektoren.

Ágúst etterlyser eit nasjonalt grep for å lage ei nettside, kall den gjerne "bibliotek.no", som gir ein felles inngang til alle bibliotekteneste for brukaren. - Det er på tide med eit grep om det digitale - utgreiinga har teke for lang tid. Vi treng ein nasjonal inngang, portal, der til dømes Biblioteksvar, Ønskebok, NorgesLånet blir samla, meiner han og peikar på http://bibliotek.dk i Danmark som ein god ressurs å samanlikne seg med. Han kjenner sjølvsagt til arbeidet med Litteratursiden.no ved Stavanger bibliotek, og har von om at den skal bli bra.

agust portrett 2
- Det viktigaste er tenester som er gunstige for publikum. Brukaren i sentrum er eit litt utslite omgrep, synest eg, men vi må alltid ha perspektivet til brukaren i tankane. Biblioteka er til for brukaren, og vi må ta omsyn til han om biblioteka skal vere relevante.

Ágúst er ein lesande mann, men trass i at han kjem frå sagaøya er ikkje heile Snorre lesen.
- Eg har ikkje kome igjennom Snorre, men eg har lese alle dei islandske ættesagane, seier han.

Ágúst har ingen spesiell favorittbok-og forfattar, men likar godt å lese skodespel.
- Jon Fosse, Henrik Ibsen, Bertold Brecht likar eg godt. Det er noko med den reinskåra dialogen - den appellerer til å skape sine eigne, indre bilete. Eg likar også Arto Paasilinna sine bøker, spesielt Kollektivt selvmord og Den ulende mølleren, Den usynlige muren av Harry Bernstein og den historiske romanen Ofsi av den prisløna islandske forfattaren Einar Kárason, fortel Ágúst.

Ágúst er 52 år gamal, gift og har to born. Han kjem frå Kóparogur, naboby til Reykjavik.

ROBERT HAUGEN