I samband med at 2008 er året for kulturelt mangfald kan det vere på sin plass å informere om ein lydbokserie fylkesbiblioteket har gått til innkjøp av. Serien "To språk - to kulturer" består av norske folkeeventyr innsamla og utgitt av Asbjørnsen og Moe. Desse er omsett og innlest på 10 ulike språk: samisk, somalisk, urdu, arabisk, albansk, vietnamesisk, tyrkisk, tamilsk, russisk og polsk. Fylkesbiblioteket har kjøpt inn eit eksemplar av alle med unntak av lydbøkene med samisk, russisk og polsk tale. Lydbøkene inneheld to cd-ar: ein med dei velkjente norske folkeeventyra fortalt i uvant språk og ein med dei same eventyra på norsk. I tillegg er lydbøkene utstyrt med eit hefte der eventyra er prenta i det aktuelle språket og på norsk. Lydbøkene kan fungere som språktrening og som ein inngang til eventyra si vidunderlege verd. Les om lydbokserien på Skolenettet.no: http://skolenettet.no/moduler/templates/Module_Article.aspx?id=44276&epslanguage=NO