Nordisk bibliotekuke er ei veke fylt med høgtlesingar, utstillingar, debattar og mange andre typar kulturopplevingar i bibliotek, på skular og på andre møtestadar. Det vert høgtlesing under "Morgengry" for dei minste og barn, og "Skumringstime" for unge og vaksne. Her vert tekstar frå eit utval av nordiske stjerneforfattarar lest opp.

Årets tema er det magiske Norden, med fokus på den Nordiske sagamystikken med utgangspunkt i den islandske Edda og moderne nordisk fantasylitteratur med Lene Kaaberbøl, John Ajvide Lindqvist og islandske Andri Snær Magnason. Det er gratis å delta, og alle tekstane, saman med meri informasjon, påmelding, bestilling av gratis materiale, nedlasting av idékatalog, kan lastast ned på www.bibliotek.org.

Les også meir om årets arrangement på Foreningen Norden.

Nordisk Bibliotekuke og Skumringstime vert arrangert av Foreningerne Nordens Forbund (FNF) og Foreningen Norden, med støtte frå Nordisk Ministerråd, Kulturrådet samt Norsk Kulturråd.