Nyttig og lærerikt og både triveleg og inspirerande å møtast. Dette er verkeleg ein vinn-vinn-situasjon: IT-gruppa i Nordfjord dreg lasset for oss alle, og biblioteka får eit felles løft med overgang til nytt system.
Ikkje minst får vi kurs på rimelagaste (& hyggelegaste) vis ved å hente fagfolk hit til felleskurs. Fylkesbiblioteket er med og betalar kurset.:) Ellen Sofie Enge frå BIBITS leia oss profesjonelt og roleg gjennom mykje nytt, og heldigvis noko velkjent og.
No gledar vi oss til nytt biblioteksystem!
På vegne av biblioteka i Bremanger, Selje, Eid, Hornindal, Vågsøy, Stryn, Gloppen.
Ann-Kristin Vik Fløtre, bibliotekar IKT i Gloppen