Oversyn over forfattarskap frå Sogn og Fjordane
Lanseringa vart markert med eit arrangement på Sogndal bibliotek. Den nye tenesta forfattarar.sfj.no gjev oversyn over forfattarskap og samtidslitteraturen i fylket, og er eit viktig bidrag for å styrke opplysningar og kunnskap om lokale forfattarar, litteratur, kultur og historie frå Sogn og Fjordane.

 

Litterær fylkeskanon
I samband med lanseringa la Ove Eide fram forslaget sitt til ein litterær kanon for Sogn og Fjordane – ei liste med 12 forfattarnamn og bøker han meiner alle i fylket bør kjenne til, og ikkje minst lese.

– Det er mange litterære perler i historia vår – med skildringar av liv og levemåtar, konfliktar og fellesskap, verdiar som er truga og haldningar vi kjenner oss att i. Denne litterære arven er ein del av identiteten i fylket vårt, påpeikar Eide. Han er kanskje den i Sogn og Fjordane som har mest inngåande kjennskap til litteraturen i fylket.

 

Samarbeid med Nordland
Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane har i samarbeid med Nordland fylkesbibliotek gått saman om å utvikle forfattarnettstaden. Tenesta gjer seg nytte av fleire tilgjengelege digitale ressursar og koplar dei saman. Nordland lanserer sin versjon, litteraturnett Nord-Norge i 2017.

Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket, og løysinga er basert på ei opa og fri tilgjengeleg publiseringsplattform, som gjer at andre kan ta ho i bruk. Tenesta vil forhåpentlegvis vere eit nyttig bidrag til andre fylke eller regionar som har same behov og ønskjer å bygge eigne forfattarportalar.

Det er også planlagt ei fase to av prosjektet for å blant anna gjere innhaldet rikare med bruk av lyd, avisartiklar og fleire kjelder.