Litterær kanon

Ove Eide, pensjonert lektor, forfattar og foredragshaldar står for opninga med foredraget Den litterære fylkestoppen. Ei vandring gjennom litteraturen i Sogn og Fjordane gjennom 250 år – og eit framlegg til ein fylkeskanon

Ein litterær kanon for Sogn og Fjordane er ei liste med forfattarnamn og bøker som alle i fylket bør kjenne til - og lese, seier Eide.

-Det er mange litterære perler i historia vår – med skildringar av liv og levemåtar, konfliktar og fellesskap, verdiar som er truga og haldningar vi kjenner oss att i. Denne litterære arven er ein del av identiteten i fylket vår, påpeikar Eide. Han er kanskje den i Sogn og Fjordane som har mest inngåande kjennskap til litteraturen i fylket.

Forfattarnettstad

Etter foredraget presenterer fylkesbiblioteket nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane.

Den nye tenesta gjev eit oversyn over forfattarskap og litteraturen frå fylket, og er eit viktig bidrag for å styrke kunnskapen om lokale forfattarar, kultur og historie frå Sogn og Fjordane.  

Samarbeid med Nordland 

Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane har i samarbeid med Nordland fylkesbibliotek utvikla forfattarnettstaden. Tenesta gjer seg nytte av fleire tilgjengelege digitale ressursar og koplar dei saman.

Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket, og løysinga er basert på ei opa og fritt tilgjengeleg publiseringsplattform som gjer at andre kan ta den i bruk.

Det er også planlagt ein fase to av prosjektet for å blant anna gjere innhaldet rikare med bruk av lyd, avisartiklar og fleire kjelder.


Tid
: Fredag 9. desember kl. 11.00
Stad: Sogndal bibliotek, kulturhuset