Nettsida kan vere super å lenkje til frå biblioteket si heimeside, og også å tipse ungdom og andre om, som er på jakt etter bøker. Sjølv om sida er mynta på ungdom, så kan den også vere ein fin ressurs for oss. Vert sida populær, kan det kome mykje nyttig informasjon om kva ungdom les og likar, og dermed kva bøker som kan vere lurt å ha i samlinga! Skal vi tru Arne Svingen (ref. tidlegare nyheit), så er det jo boktips frå jamnaldrande som fungerer best, ikkje frå oss vaksne!

Nettstaden er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire forlag som ønskjer å nå ut til ei gruppe lesarar som ofte vert oversett. Målet er å skape eit forum der ungdom kan oppdage, diskutere og dele bøker og opplevingar med kvarandre, kan vi lese på nettsida.

Vidare vert det sagt at hovudtyngda vil ligge på diskusjonsforumet, men det vil også bli lagt ut informasjon om nye bøker, smakebitar frå komande utgjevingar, bokfilmar, konkurransar, forfattarintervju og andre relevante lenkjer.

Det Aschehoug, Cappelen Damm, Gyldendal, Lydbokforlaget, Mangschou, Omnipax, Samlaget og Schibsted som står bak sida.

Trykk her for å gå til ungdomsbøker.no