I arbeid med litteraturformidling til barn og unge, er mi erfaring at det er to aldersgrupper som treng litt ekstra med tips og rettleiing.

For barn i ”slukealder” 9-13 år kjem det masse flotte bøker og mange ungar veit kva dei vil ha. Utfordringa kan vere å finne noko til barn rundt skulestartalder, og til ungdom på øvste trinn som held på å vekse frå ungdomsbøker.

På sidene ”Les for meg” til nynorsksenteret finn ein tematiske lesetips for barn rundt skulestartalder. Her er tipsa delt inn i seks kategoriar og ved å trykke på plussteiknet får ein fram fleire underkategoriar.

Til dømes under kategorien ”Relasjonar” vil ein finne underkategorien ”Besteforeldre”. Trykk på plussteiknet og du vil få utfyllande lesetips med tittel, format og sidetal. Trykk på minusknappen for å gå tilbake i menyen. Sjå sida her: http://www.nynorsksenteret.no/index.php?ID=13457

Ønskebok.no har ikkje barnebøker i sin base, men svært mange omtalar av bøker som passar for ungdom og unge vaksne. Dette er ei litt annleis side kor ein veljar bok etter humør og stemning.

Som det står å lese på sida deira: ”ønskebok er ein intuitiv måte å søkje etter bøker på, basert på lesaranes eigne erfaringar og personlege val.” Eit døme: eg sette pila mot kategoriane ”truande”, ”lett” og ”uvanleg” og søkte så etter nynorske bøker. Då fikk eg som ”Beste treff” Svart kalv@kvit snø av Hans Sande. Ein får også tips om liknande bøker og filmar. Som ”godt treff” fikk eg Eg var der: historier vi ikkje må gløyme av Gudrun Pausewang. Sjå sida her: http://www.onskebok.no/

På ønskebok.no kan ein også velje kriterium for hovudpersonen (kjønn, alder, legning), handling (generasjonar, suksess mot alle odds) og stad. Vidare kan ein velje om ein vil ha boka på bokmål, lydbok eller som film.

Onskebok.no og nynorsksenteret.no er begge gode reiskapar å bruke i formidlinga.