Nasjonalbiblioteket disponerer prosjektmidlar som skal stimulere til utvikling i norske folke- og fagbibliotek. Midlane skal bidra til å utvikle bibliotekfeltet, dei skal ha verdi utover det enkelte bibliotek, og dei skal fremje nye tilbod.

Desse innsatsområda vert prioritert:

·         Utvikling av nye bibliotektenester

·         Formidling av bibliotekas innhald, digitalt og fysisk

·         Nye samarbeidsformer og partnerskap

·         Open tilgang, opne data, open vitskap

 

Rammene for prosjekt- og utviklingsmidlane blir fastsett av Nasjonalbiblioteket i tråd med disponering av speloverskot frå Norsk Tipping samt føringar i Nasjonal bibliotekstrategi 2015-2018.


Nærare informasjon om utlysinga på nb.no.