Vi inviterer biblioteka til eit informasjonsmøte der vi diskuterer utlån av e-bøker og eBokBib-appen

Kva? Korleis? Kven? Kva tid?

Det nærmar seg lansering av e-boktilbodet i Sogn og Fjordane, og det er på tide å rydde spørsmål av vegen! Vi går gjennom bruk og førebur oss. Vi vil også diskutere korleis tenesta skal lanserast og aktuelle spørsmål knytt til det.

I utgangspunktet har vi sett opp fire møtedagar, det er valfritt kvar ein ønskjer delta og kor mange frå kvart bibliotek. Økta vil vare ca. 2 timar, det vert servert kaffe/te og frukt.

Påmelding innan 12. mars!

  • Nordfjordeid, operahuset/biblioteket, onsdag 19. mars kl. 9.30-11.30
  • Hyllestad, kommunehuset, fredag 21. mars kl. 9.30-11.30
  • Førde, Storehagen Atrium, torsdag 27. mars kl. 9.00-11.00
  • Hermansverk, fylkeshuset, onsdag 2. april 10-12