På kveldsarrangementet «Lese lett og lese nynorsk» vil forfattaren lese frå bøkene sine og fortelje om korleis han tenkjer når han skriv lettlesne bøker for barn og unge. Denne kvelden får vi òg eit møte med musikaren Atle Hansen.

ATLE HANSEN (f.1954) er forfattar, journalist og visesongar. Han har gitt ut 17 bøker, 13 av dei for born og ungdom, alle på nynorsk. Fleire av bøkene er spennande lettlesbøker.

Ein lesar har uttalt at forfattaren har skapt sin eigen sjanger, poetisk spenningslitteratur. 

– Eg legg stor vekt på rytme, språket sin klang og melodi, repetisjonar, linjefall o.l, fortel forfattaren.

Arrangementet er del av Barnelitterære fagdagar og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Førde bibliotek, og er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Billett kr 150,- kan kjøpast i døra eller bestillast på nett. Enkel servering.