Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Møt ordførar Jarle Aarvoll i biblioteket

Over ein kaffekopp i biblioteksofaen kan alle som ønskjer å treffa Jarle Aarvoll til ein uformell prat, stikka innom Sogndal bibliotek.

Vi trur at terskelen for å gå til kommunehuset for å treffa ordføraren, er høgare enn å gå til biblioteket i same ærend. Mange er vane med å bruka biblioteket som ein møtestad. Jarle Aarvoll håpar spesielt på at ungdomar vil nytta sjansen til å koma innom biblioteket for å snakka om saker dei er opptekne av, men alle er velkomne.

Relaterte lenker