Gunnvor tok eksamen ved Statens bibliotekhøgskule i Oslo i 1977 og flytta då tilbake til heimstaden Førde. Ho jobba først ved Førde bibliotek, der ho også ei tid var biblioteksjef. Sidan 1984 var ho fast tilsett ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.

Gunnvor var godt kjend i bibliotekmiljøet i Sogn og Fjordane, og det er mange på folkebiblioteka i fylket som har fått bibliotekfagleg råd og rettleiing av ho. Ho hadde stor fagleg tyngde og ein væremåte som gjorde ho svært godt likt. Fylkesbiblioteket har hatt stor nytte av Gunnvor sine grundige kunnskapar om fylket og ho har vore vår viktigaste kapasitet innan lokalhistorisk litteratur. Gunnvor har alltid vore ein lojal og svært godt omtykt kollega, ofte med ein treffande replikk på lur! Me som har hatt gleda av å jobba saman med Gunnvor kjem til å sakna ho.