Dei tre prosjektsøknadene gjaldt:

Saman for framtida

Dette prosjektet gjeld utvikling av samarbeidet mellom biblioteka i Sogn og Fjordane, og er er eit treårig prosjekt som blir avslutta i juni 2014. I 2014 vil vi særleg arbeide vidare med samarbeid om formidling og driftssamarbeid mellom biblioteka.

Fylkesbiblioteket fekk 100 000 til å sluttføre prosjektet.

Lettare litteraturnett

Dette er eit samarbeid med Nordland fylkesbibliotek, der vi skal utvikle ein metode for å bygge opp lokale litteraturnett på ein enkel måte. Målet er å leggje til rette for å synleggjere og formidle lokale forfattarar og litteratur i større grad. Prosjektet vil innebere å utvikle eit malverk for oppbygging av litteraturnett, å finne løysingar for å hente ut data frå opne kunnskapskjelder, og deretter å formidle data inn i litteraturnetta. Midlar vi tidlegare har fått til prosjektet "Fjordforfattarweb" vil gå inn i dette prosjektet.

Prosjektet er toårig, og vi fekk tildelt 400 000 for 2014.

Forprosjekt om lesarhistorier

Dette prosjektet spring ut av arbeidet som er gjort i "Saman for framtida", og handlar om å finne nye former for formidling. I forprosjektet skal vi i samarbeid med utvalde bibliotek, skular og barnehagar prøve å utvikle ulike formidlingsmetodar basert på prinsippet om individretta formidling. Dette er ein type formidling som er av litt meir personleg karakter, som legg opp til at både formidlar og lesar må dele meir av seg sjølv.

Formidlingsforma er basert på nyare leseforsking, og vi ynskjer å få med ein forskar frå dette miljøet i prosjektet. Målet er å komme fram til ein felles formidlingsmetode som kan vidareutviklast gjennom eit hovudprosjekt, og takast i bruk av heile fylket.

Fylkesbiblioteket har fått 120 000 til dette forprosjektet.

 

Les kva Nasjonabiblioteket skriv om årets tildelingar.