I år oppmodar Nasjonalbiblioteket spesielt om søknader om
- samtale- og debattarrangement
- arrangement og aktivitetar med mål om integrering av nyankomne
- arrangement og aktivitetar med ungdom som målgruppe
Når det gjeld søknader om tilrettelegging av bibliotekrommet bør ein vise korleis desse tilretteleggingane støttar opp under konkrete, planlagte arrangement.
Søknadsfrist er 2. oktober, gå til elektronisk søknadsskjema for å søke.
Ta gjerne kontakt med fylkesbiblioteket for råd og innspel i samband med søknadsskriving.