For å kunne vidareutvikle biblioteka som møteplass og arena for læring og demokrati lyser Nasjonalbiblioteket ut midlar til ombygging og tilrettelegging av biblioteklokalet samt til innhaldsproduksjon. Målet er å skape fleire arrangement og gjere det mogleg for biblioteka å utvikle både profil og kvalitet på arrangementa, styrke eigen kompetanse og nå ut til publikum. Alle folkebibliotek og fylkesbibliotek kan søke på midlane. Søknadsfrist er 01.10.2015.

Midlar til lokal tilrettelegging av bibliotekrommet kan mellom anna vere investering av utstyr, mindre ombyggingstiltak, samarbeid med eksterne aktørar for å etablere felles arenaer e.l. Her er det ikkje krav til eigendel.

Det andre området gir tilstkot til aktivitetar i biblioteket for å styrke arrangør- og programkompetansen. Her er det krav om 20 prosent eigenfinansiering. Ein kan dekkje begge områda eller eitt av dei i søknaden.

Ver merksam på at det i tildelinga vert vektlagt planar som har eit lengre perspektiv og gjerne i samarbeid med andre aktørar, framfor søknader om enkeltståande arrangement og aktivitetar.

Elektronisk søknadsskjema vert tilgjengeleg frå 1. september.

Ta gjerne kontakt med oss i fylkesbiblioteket om du vil diskutere idear og tankar!

Les meir på Nasjonalbiblioteket sine heimesider.