Eg berre må fortelje at boka Forsvunnet av Daniel Mendelsohn er kjempegod.

 forsv 1                                                                                                                                                                                                                                            Det er år sidan eg las ei bok som greip og rysta meg så mykje. Eg sat oppe til kl 05 ein søndags morgon i januar fordi eg ville lese den ferdig.

Forfattar Daniel Mendelsohn er amerikansk jøde og forteljinga, eller skal eg kanskje seie dei utallige forteljingane, er om leitinga etter lagnaden til ein grandonkel, kona hans og dei fire døtrene, etter holocaust i Aust-Polen.

Dei forsvunne blir sakte tydelegare for den leitande og for lesaren, erkjenninga av kva dei fjerne slektningane vart utsett for er hard å svelgje både for forfattar og for lesar. Samstundes vert forfattaren kjent med nye sider ved sin familie - ei historie med lag på lag, kanskje slik alle historier eigentleg er.

Dette meiner eg er ei bok for dei som likar store forteljingar, sterke og skakande lagnadar, historisk innsikt og perspektiv og ikkje minst materiale til refleksjon og ettertanke.

Sterk lesaroppleving.

Robert