I februar hadde vi eit liknande arrangement i Førde, og tysdag 17.mars er det altså Høyanger som står for tur. På programmet står det m.a. bokprat med bibliotekar og leseagent Jorun Systad, og forfattarmøte og treningsøkt med tidlegare proffspelar Arild Stavrum.

Arrangementet vil nå ut med bøker og lesing på ein ny arena og gi både barn og vaksne møte med lesande rollemodellar. Tiltaket er støtta av Foreningen !Les for å gjere litteratur tilgjengeleg og del av barn og unge sin idrettskvardag.

Målgruppa for arrangementet er fotballspelarar i årsklassane 2002, 2003 og 2004, saman med foreldre, trenarar og leiarar for desse.