Marta Norheim er litteraturformidlar og programsekretær i NRK radio, og gjennom arbeidet i NRK ein av dei fremste kjennarane av samtidsromanen i Noreg. Ho har skrive bok om sjangeren; Røff guide til samtidslitteraturen (2007). Våren 2015 kan ein gle seg til besøk av Marta Norheim på biblioteka i Årdal, Luster, Vik og Balestrand, der tema for arrangementa altså er norsk samtidslitteratur.

Fritt Ord lyste i vår ut tilskotsmidlar som skulle gå til å styrke biblioteka som formidlingsarena, og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har fått 50 000 kr i støtte til formidlingsturnéen frå denne potten. Fritt Ord fekk inn 107 søknader, 45 tiltak spreidd over heile landet vart innvilga midlar på til saman 2,2 millionar kroner.

Fylkesbiblioteket har med støtte frå Fritt Ord  arrangert fleire slike turnear i ulike delar av fylket dei siste åra,  denne gongen er det bibliotek i indre Sogn som får besøk.