Sjølvplaging, slektsgransking og globalt ansvar
Dette er, i følgje Marta Norheim, tendensar i den norske samtidslitteraturen anno 2015. Frå 23. april kjem Norheim til fleire bibliotek i fylket for å fortelje om kva som kjenneteiknar den nye, norske romanen.

Kulturjournalist, forfattar og litteraturkritikar Marta Norheim er kjend frå fleire litteraturprogram på NRK P2. Gjennom arbeidet i NRK er ho ein av dei fremste kjennarane av samtidsromanen i Noreg. Ho har m.a. skrive bok om sjangeren; Røff guide til samtidslitteraturen (2007). Norheim har vunne fleire prisar for sitt arbeid, mellom anna «Kringkastingsprisen» i 2014. I 2002 vart ho kåra til  «Årets kritikar» .

Turneen i Sogn er støtta av Fritt Ord, og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og folkebiblioteka. Fylkesbiblioteket har organisert fleire slike turnear dei siste åra.

 

Turnéplan:

Torsdag 23. april, kl. 19.30
Utla kafé i Øvre Årdal sentrum. Gratis inngang. Høve til å kjøpe tapastallerken (200,-) og drikke. Lokal arrangør: Årdal bibliotek. Påmelding på førehand til bibliotek@ardal.kommune.no  eller tlf. 469 15 647

Fredag 24. april, kl. 13.00
Balestrand folkebibliotek. Gratis inngang. Servering.

Fredag 24. april, kl. 18.00
Vik folkebibliotek. Gratis inngang. Servering og lokalt musikkinnslag ved Ivar Brekke og Mari Nese.

Laurdag 25. april, kl. 14.00
Luster bibliotek Gratis inngang. Servering

Laurdag 25. april, kl. 19.30
Festsalen, Førdehuset. Bill. kr. 120,- Servering og Jazz ved Anton Proskurnin trio. Arrangør: Førde bibliotek

Søndag 26. april, kl. 14.00
Løa i Jakob Sande-tunet. Suppe og prat. Arrangør: Fjaler folkebibliotek og Litteraturmisjonen

 

Portrett av Marta Norheim. Foto: Tove K. Breistein
Portrett av Marta Norheim. Foto: Tove K. Breistein
Biblioteksjef Mona Svendsen
– Marta Norheim formidlar på ein levande og truverdig måte som når folk flest, seier biblioteksjef Mona Svendsen ved Vik folkebibliotek.