Bokåret 2019 skal feirast med minst 500 arrangement i 500 bibliotek landet over. Det er fritt fram for kva type arranement og for kven ein arrangerer. Men arrangementa må vere knytt til lesing og formidling av bibliotektilboda og gjerne auke utlånet. Gå til utlysinga på Nasjonalbiblioteket sine sider

Med Nasjonal bibliotekstrategi 2015-2018 har biblioteka dei siste åra fått støtte til å utvikle seg som debattarena og møteplass med fleire arrangement og aktivitetar for brukarane. I Bokåret er det leseglede og litteraturformidling som skal stå i sentrum. Regjeringa vil bruke 30 millionar kroner til å fremje leselyst i Norge i Bokåret 2019. Midlane vert finansiert gjennom overskotet frå Norsk Tipping, og Nasjonalbiblioteket skal fordele midlane til bibliotek og andre institusjonar som formidlar leseglede.