Her er eit lite utval: 17. juni er det 200 år sidan Henrik Wergeland blei født. Stamma ikkje han eigentleg frå Sogn...? Det er hundre år sidan Olav H. Hauge vart fødd (18.08.), og like mange år sidan Jonas Lie døydde (05.07). Komponisten Geirr Tveitt har også "hundreårsdag" i år (19.10.), og det er 150 år sidan Selma Lagerlöf blei fødd (20.11).

Av utenlandske forfattarar har Louis L'Amour (22.03.) og Ian Fleming (28.05.) hundreårsdag i år - kanskje ikkje store og viktige forfattarar, men mange har lest deira western- og James Bond-bøker, for ikkje å snakke om Bond-filmane. Simone de Beauvoir (09.01.) jublierer også.

21. februar er det 100 år sidan Norges Skiforbund blei stifta, og same året blei morsdag første gang feira (10.05.). Det er femti år sidan kong Olav vart signa i Nidarosdomen (22.06.).