Lesegledar fordi: 
I mylderet av alle bøker er det ikkje alltid så lett å finne boka som passer nettopp deg. Nynorskbøkene har og lett for å gøyme seg litt vekk. Eg er oppteken av å finne rett bok til rett lesar og går gjerne på skattejakt for å finne noko som passar akkurat den som treng litt hjelp. Som norsklærar og mor ser eg dagleg samanhengen mellom tilpassa litteratur, lesemeistring og leseglede.

Eg synes og at felles litterære opplevingar er stas. Høgtlesing og forteljing er fantastisk, uansett alder!

Eg les gjerne: Bøker som ein både kan le av og tenkje litt på i etterkant. 

Målgruppe: Eg fortel gjerne ei historie eller les ei biletbok for dei yngste eller dei litt eldre. For dei større barna eller vaksne, presenterer eg gjerne eit utval bøker som passar til gruppa. Om de har særskilde ønske, finn vi nok ei løysing.

Område: Eg bur i Florø, men kan gjerne ta ein køyretur på ein time, halvannen.

Bakgrunn: Eg har 3 små barn, er adjunkt og jobbar som lærar og skulebibliotekar. Lesing og formidling er ein del av kvardagen min heime og på jobb, men eg tek gjerne i mot lesegledaroppdrag i tillegg. Eg har utdanning innan leik, dans, drama og forteljing i tillegg til lærarutdanning og ungdomssosiologi.

Kontakt: Tlf 984 65 772 eller på e-post til mariabugge@hotmail.com

Gå attende til oversikta over alle lesegledarane, eller legg inn bestilling via skjema så set vi deg i kontakt med nokon som kan passe.