Lesegledar fordiBilete av lesegeldar Maria Bugge

I mylderet av alle bøker er det ikkje alltid så lett å finne boka som passer nettopp deg. Nynorskbøkene har og lett for å gøyme seg litt vekk. Eg er oppteken av å finne rett bok til rett lesar og går gjerne på skattejakt for å finne noko som passar akkurat den som treng litt hjelp. Som norsklærar og mor ser eg dagleg samanhengen mellom tilpassa litteratur, lesemeistring og leseglede.

Eg synes og at felles litterære opplevingar er stas. Høgtlesing og forteljing er fantastisk, uansett alder!

Eg les gjerne

Bøker som ein både kan le av og tenkje litt på i etterkant. 

Målgruppe

Eg fortel gjerne ei historie eller les ei biletbok for dei yngste eller dei litt eldre. For dei større barna eller vaksne, presenterer eg gjerne eit utval bøker som passar til gruppa. Om de har særskilde ønske, finn vi nok ei løysing.

Område

Eg bur i Florø, men kan gjerne ta ein køyretur på ein time, halvannen.

Bakgrunn

Eg har 3 små barn, er adjunkt og jobbar som lærar og skulebibliotekar. Lesing og formidling er ein del av kvardagen min heime og på jobb, men eg tek gjerne i mot lesegledaroppdrag i tillegg. Eg har utdanning innan leik, dans, drama og forteljing i tillegg til lærarutdanning og ungdomssosiologi.

Bestill lesegledar!

 

< førre | neste >