Høyr radioreportasje med Ingrid Dræge på distriktssendinga til NRK  "Lokalhistoriske tidsskrift i vinden som aldri før" https://radio.nrk.no/…/distriktspr…/DKSF02025418/20-12-2018

– Det er ofte i tida rett før jul at årets utgåver kjem ut, men innhaldet er ikkje tradisjonelt julestoff, seier seniorrådgjevar Ingrid Dræge ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Dræge kjenner dei fleste tidsskrifta, og analyserer og registrerer dei digitalt i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane. Basen er bygd opp sidan 1999, og inneheld vel 23 500 artiklar. Sogn og Fjordane er eitt av svært få fylke som har ein lokalhistorisk artikkeldatabase av slikt omfang.

– Ofte er det vår nære fortid som vert omtalt. Ein finn til dømes artiklar om Mons Litleré i Jul i Sunnfjord i 1997 og i Sogeskrift for Naustdal i 2004 og i 2017. Holvikjekta kan ein lesa om i Jul i Nordfjord i 2006, Kjelda 2004 og i Årbok for Nordfjord 1991. Og er ein interessert i dialektord frå Årdal, finn ein stoff om det i fleire nummer av Årdal – før og no, fortel Dræge.

Tidsskrifta framstår som fine og forseggjorde publikasjonar, og det er som oftast uløna bidragsytarar med interesse for lokalhistorie som skriv. Tema kan vere krigsminne, kulturminne, tolking av stadnamn, omtale av personar i nærmiljøet, utvandringa til Amerika, lokale ord og uttrykk, og dikt og noveller.

Årbok frå Sogn er eitt av dei eldste sogehefta frå fylket som framleis vert gjeve ut. Tidsskriftet går så langt tilbake som 1910 (tidlegare Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn).

For å gjere tidsskrifta allment tilgjengelege har Nasjonalbiblioteket begynt digitalisering av tidsskrift frå heile landet, også nokre av dei lokale blada frå Sogn og Fjordane. Så langt kan Jul i Sunnfjord, Jul i Nordfjord, Årbok for Nordfjord og Ljøren lesast digitalt her: www.nb.no/samlingen/tidsskrift, og fleire titlar vil kome til etter kvart.