Turnéen skal setje søkjelys på lyrikken som kjem gjennom innkjøpsordninga. Arrangementa rettar seg både til bibliotektilsette og eit allment interessert publikum.
 
Den 24. april vert det lyrikkseminar i Sogndal, med Sogndal bibliotek og fylkesbiblioteket som lokal arrangør. Seminaret er fagleg orientert med presentasjon av innkjøpsordningane for lyrikk og foredrag om samtidslyrikk. Om kvelden er det eit ope arrangement i biblioteket med ein eller fleire forfattarar.

Hald av dagen! Meir informasjon kjem snart.