Gloppen folkebibliotek tilbyr fleire titlar for vaksne og ein tittel for ungdom i mp3-formatet. Bøkene er kalla lommelydbøker og inneheld ein CD som kan kopierast til ein mp3-spelar eller spelast av i "moderne" cd-spelarar. Sjå informasjon og utvalet av lydbøker til folkebiblioteket i Gloppen her; http://asp.bibits.no/gloppen-fb/wsHitList.Asp?sString=FT=lommelydbokAND Lommelydboka er eit alternativ til digiboka (sjå tidlegare innlegg under emnet "Lydbøker" i Fybbloggen). Er det andre som har kjøpt inn lommelydbøker og digibøker? Korleis går det med utlånet av desse? Del det gjerne her på bloggen.