Biblioteksjef Ellen Borch Veum kan fortelje at målet med prosjektet er å få fleire vaksne bibliotekbrukarar blant unge og eldre.

Luster kommune har få offentleg sosiale møteplassar. Vi ønskjer å marknadsføre biblioteket som ein sosial møtestad i nye lokale (innflytting haust 2011). Vi har hatt forespurnad frå pensjonistar om eit tilbod som dette. NAV etterlyser tilbod til unge vaksne som er arbeidsledige.

Da vi ikkje har erfaring på dette området tidlegare, vil vi bruke dette prosjektet som eit forsøksprosjekt for å sjå på behovet og arbeid vidare; Om vil til dømes seinare må dele inn brukargrupper der ein har eit spesielt lågterskeltilbod til unge arbeidssøkarar. Tilskotet føreset at det i gjennomføringa av prosjektet vert lagt vekt på inkludering og integrering i samarbeid med frivillige organisasjonar og/eller Frivilligsentralen.

Fylkesbiblioteket ser fram til å følgje prosjektet!