Biblioteksjef Signe Witsø ved Sogndal bibliotek fortel om eit arrangement dei har ved biblioteket:

Signe skriv: 3-4 gonger kvart år arrangerer Sogndal bibliotek lokalhistoriske laurdagsmøte med forskjellige tema. Desse møta varer omlag ein time og startar etter vanleg stengetid på desse laurdagane, dvs. kl.14.

Laurdag 26.januar hadde vi eit slikt møte med tittel Kvåle - ein forsvunnen storgard. Arkeolog Christoffer Knagenhjelm fortalde og viste bilete frå utgravingane på Kvåle/Gurvin i Sogndal. Det viste seg å vere stor interesse for dette temaet og omlag 75 personar fann vegen til biblioteket.

Er det andre som vil fortelje om små og store arrangement i biblioteka? Skriv ein tekst og send den inn til meg - gjerne med bilete til!  Robert