Lokalhistorie er ein viktig og vesentleg del av biblioteka sine tilbod. Alle folkebibliotek har eit ansvar for å ta vare på og til å formidla litteratur frå eigen kommune, og dei har eigne samlingar med lokallitteratur. Veldig mange av kommunane har sogelag som gir ut lokale blad med interessante artiklar, men det kan ofte vera vanskeleg å finna tilbake til kva som er omskrive og kvar artiklane har stått. 

Fylkesbiblioteket analyserer difor alle dei lokale tidsskrifta og registrerer artiklane i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane. Nokre av innførslane har lenking til tidsskriftet i fulltekst.

 

Fylkesbiblioteket vil gjerne løfta fram Forfattarar frå Sogn og Fjordane. Vi har laga eit oversyn der vi presenterer forfattarane og gir ei oversikt over kva dei har skrive, ofte med lenking til bøkene i fulltekst. Forfattarane kan grupperast etter kommune, region, kjønn, type litteratur, m.m.