Sitat frå  Kultur -og kirkedepartementet til statsbudsjettet som blir lagt fram no: "58,0 millioner kroner i økning til bibliotek, språk og litteratur Med dette budsjettet er gjennomføringen av tiltak i bibliotekmeldinga godt i gang. Regjeringen foreslår å øke tilskuddet til Nasjonalbiblioteket med om lag 22,5 millioner kroner bl.a. til etablering og drift av en norsk språkbank, oppfølging av digitalisering av samlingene, videreføring av prosjektet Bokhylla.no og utvikling av nasjonalt biblioteksøk. Innkjøpsordningen for sakprosa økes med 2,5 millioner kroner.

Til sammen økes innkjøpsordninger og produksjonsstøtteordninger under Norsk Kulturråd med 10 millioner kroner til 150 millioner kroner. Støtteordninger for lokalt biblioteksamarbeid og modellbibliotek innføres." (tre siste setningane utheva av R. Haugen)

Det ser ut som at regjeringa i allefall har teke forslaga om modellbibliotek og biblioteksamarbeid frå stortingsmedlinga om bibliotek til følgje, og opna for å stø slike tiltak med midlar frå 2010 av.

Om modellbibliotek seier vedteken stortingmelding, Bibliotek : Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid (2008 : 2009), http://bit.ly/QHzSP http://bit.ly/gihiE følgjande: "Kultur- og kyrkjedepartementet vil vidareutvikle biblioteka som offentleg møtestad, og arbeide for å synleggjere og framheve folkebibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap. Ei ordning med modellbibliotek vil verte etablert." Sjå meir her http://bit.ly/1b1gli

Om lokalt biblioteksamarbeid seier vedteken stortingmelding, Bibliotek : Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid (2008 : 2009) følgjande i kapittel "9 Organisering og drift av bibliotektenester lokalt og regionalt".

  • "Kultur- og kyrkjedepartementet vil stimulere til samarbeids- og samordningsløysingar i biblioteknettverket lokalt og regionalt. Målet er å prøve ut ulike organisasjonsmodellar, og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis til dømes i vertskommunemodellen.
  • Det vil bli etablert ei ordning med friviljuge samarbeidsavtaler om bibliotekutvikling mellom staten og fylkeskommunane som verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og stimulere til fylkeskommunale og kommunale bibliotekplanar."
Sjå heile kapittel 9 i stortingsmeldinga om bibliotek her: http://bit.ly/QHzSP: Nettsida til Kultur -og kirkedepartementet: http://bit.ly/qiGrY

Nettsida til Regjeringa og statsbudsjettet: http://bit.ly/qiGrY http://bit.ly/3BPXkj