I tråd med målsetjingane våre om å auke lesegleda blant barn og unge, inviterte vi 5., 6. og 7. klassingane i kommunen til leselystforestilling med Reidar Kjelsen.

Kjelsen har mellom anna illustrert Jon Ewo sine bøker om Otto Monster, i tillegg har han sjølv skrive og illustrert ei rekke humoristiske og fargerike barnebøker (som er blant verda sine dristigaste, i følgje han sjølv), mellom anna bøkene om Jon Demon.

"Du ser jo ikkje ut som ein forfattar!" var den første kommentaren frå elevane! Etter at Kjelsen hadde fått overtydd salen om at det faktisk var han som var forfattaren, fekk vi ta del i ei uhøgtideleg og energisk leselystforestilling der bodskapen mellom anna var at det ikkje er uoppnåeleg å bli forfattar eller illustratør.

Vi fekk oppleve ein engasjert formidlar som gav mykje av seg sjølv, og som inkluderte elevane frå første stund. Forestillinga var spesielt retta mot gutar som ikkje tykkjer det er tøft å lese bøker, og når ein såg korleis gutane i salen engasjerte seg traff nok forfattaren blink her!

I tillegg til at elevane fekk eit nytt syn på korleis ein forfattar ser ut, fekk dei nok ei anna oppfatning av korleis ein forfattar oppfører seg... For kor ofte møter vi ein mann som brøler av full hals, hoppar opp på stolar og spring i full fart rundt i biblioteket? Ingen skal påstå at Sogndal bibliotek var eit "stille bibliotek" desse dagane, for også latterbrøla frå oss i salen var hyppige.:)

Høgdepunktet i forestillinga fekk vi då Reidar Kjelsen teikna eit monster etter elevane sine instruksar. Med fantasifulle forslag frå elevane til korleis monsteret skulle sjå ut, og med Kjelsen sine fantastiske teikneferdigheiter, gjekk også denne delen av forfattarbesøket rett heim hjå forsamlinga.

Tekst av Eli Kjos-Wenjum