Bak skipinga står samanslutnaden "Foreningen Litteratursiden". Alle dei danske biblioteka er invitert til å vere med i denne organisasjonen og per i dag er talet på medlemsbibliotek 79. Prosjektet er støtta av den danske "Biblioteksstyrelsen".

På framsida i dag kan vi mellom anna lese http://www.litteratursiden.dk/sw115385.asp ei melding av den danske omsetjinga av Magret av Anne Karin Elstad. Den faste menyen er lagt til venstre på førstesida, og inneheld mellom anna temaene "Vi anbefaler", "Læseklubben" og "Noget der ligner".

I sistnemnte kategori kan du få tips om bøker med nokolunde same tema og innhald. Her er bøker som liknar på den populære Vindens skygge av C.R. Zafón; http://www.litteratursiden.dk/sw103884.asp 

Det kan vere råd og vink å hente frå denne nettsida i arbeidet i biblioteket.