Samandrag

Lesestimulering og litteraturformidling er viktig for alle og spesielt barn og unge fordi lesing og møte med litteraturen gjer at vi utviklar oss til sosiale og engasjerte menneske. Dersom litteraturformidlingsarbeidet i fylket skal utviklast, må flest mogleg barn, elevar og vaksne i heile fylket ha tilgang til eit kvalitets sikra kulturtilbod som inneber lesestimulering og tilgang til bøker.

I dag er det fleire sentrale instansar som tek hand om litteraturformidlinga. Ei av dei store satsingane innan skuleverket er prosjektet Gi rom for lesing, som blir administrert av Fylke smannen ved utdanningsavdelinga. Fylkeskommunen yter ulike tenester til folk i alle aldrar gjennom fylkesbiblioteket, og gjennom litteraturrelaterte kulturopplevingar i regi av Den kulturelle skulesekken. Andre aktørar er Folkeakademiet og Norsk forfatters entrum. I tillegg er biblioteka og skulane i fylket naturlege arenaer for litteraturformidling.

Fylkesbiblioteket har som mål å auke leselyst og lesedugleik, spesielt hos barn og unge i fylket. Tiltaka er: kurs i litteraturformidling, møte om årets nye bøker, forfattarturnear, utlån av klassesett til skular og mobil bibliotekteneste. Fylkesbiblioteket har også som mål å medverke til å sikre at alle innbyggjarane i fylket har tilgang til gode bibliotektenester, og mobil bibliotekteneste er difor eit kjerneområde i verksemda. Tenesta er eit viktig verkty litteraturformidlinga og utgreiinga analyserar difor bokbussen og bokbåten. Analysen viser at begge tiboda har potensiale til å satse meir på lesestimulering. Både bussen og båten har ledig kapasitet, og vi kan dermed intensivere tilboda med fleire stoppestadar. Bokbussen er det mogeleg å gjere om til ein lesebuss for barn og ungdom.

Når det gjeld økonomien viser kostnadsanalysen at mobil bibliotekteneste er eit rimeleg tilbod når vi måler utgiftene opp mot utlån.

For å finne strategiar for litteraturformidlinga er det viktig å ha eit bevisst forhold til samfunnstilhøva og framtida. Vi må vite kven som er aktørar på same arena, slik at vi kan samarbeide om å finne ein best mogleg modell som ivaretek heilskapen. Planane om eit nytt storfylke er i gang, og kultursamarbeidet kan føre til stordriftsfordelar. Til dømes kan det setje kveik i planane om ein ny kulturbåt på vestlandet. Når det gjeld litteraturen og lesaren vil nye teknologiske media bli tatt i bruk. I den teknologiske utviklinga er spesielt barn og unge langt framme. Det moderne biblioteket vil måtte kommunisere meir med lånarane via nettet. Som ein motvekt mot dette vil biblioteka måtte satse meir på å verte sosiale møteplassar med kulturtilbod. Utfordringane for litteraturformidlinga i framtida vil difor vere samordning av lesestimuleringa og litteraturformidlinga i fylket, og å utvikle og endre desse i takt med samfunnsendringane.

Utvalet har samla seg om desse strategiane

  • Opprette eit fylkesforum for leselyst
  • Utvikle mobil bibliotekteneste
  • Stimulere til betre skulebibliotek
  • Arrangere litteraturleir for ungdom
  • Opprette interaktive sider for born
  • Presentere lokale forfattarar på nettet