12. februar vert det forfattarbesøk i Hafstadparken i Førde med Ragnhild Lund Ansnes, forfattar av «Liverpoolhelter» og Arild Stavrum, forfattar, tidlegare trenar og fotballspelar. Deretter vert det treningsøkt for barn, og paneldebatt for vaksne kring visjonen «fysisk aktivitet for alle» frå regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014-2017.

Arrangementet vil nå ut med bøker og lesing på ein ny arena og gi både barn og vaksne møte med lesande rollemodellar. Tiltaket er støtta av Foreningen !Les for å gjere litteratur tilgjengeleg og del av barn og unge sin idrettskvardag.

Målet er å stimulere til leselyst og oppmuntre til trening både fysisk og mentalt, samt skape debatt kring barneidrett, målsettingar og forventingar.

Målgruppa for arrangementet er fotballspelarar i årsklassane 2002, 2003 og 2004, saman med foreldre, trenarar og leiarar for desse.

Les meir om arrangementet på fylkeskommunen sine sider.