Fylkesbiblioteket har saman med Den kulturelle skulesekken og rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen gått saman om arrangementet «Litteratur i garderoben». Målet er å stimulere til leselyst og oppmuntre til trening både fysisk og mentalt.

På programmet står det m.a. bokprat med bibliotekar og leseagent Jorun Systad, og forfattarmøte og treningsøkt med tidlegare proffspelar Arild Stavrum.

Arrangementet vil nå ut med bøker og lesing på ein ny arena og gi både barn og vaksne møte med lesande rollemodellar. Tiltaket er støtta av Foreningen !Les for å gjere litteratur tilgjengeleg og del av barn og unge sin idrettskvardag.

Målgruppa for arrangementet er fotballspelarar i årsklassane 2002, 2003 og 2004, saman med foreldre, trenarar og leiarar for desse.

Program Litteratur i garderoben
Program Litteratur i garderoben