Vi oppmodar biblioteka til å lage utstillingar og bestille inn aktuelle bøker ifm. DKS-turnear, og å invitere til forfattarbesøk i biblioteket. Mange utøvarar er interesserte i å delta på kveldsarrangement i regi av biblioteket når dei elles har andre oppdrag på dagtid i nærområdet. 

Skuleåret 2019/2020 er desse produksjonane særleg relevante for biblioteka:

 

Farfars bombekrater (1.-7.steg)
I denne spennande teaterframsyninga får ein oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig.

Det er forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus som aleine spelar ut historiene som hennar farfar fortalte henne då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebytte, bilete og musikk. Desse historiene kan ein også lese i biletboka Farfars bombekrater, som blir sendt ut til alle skulebiblioteka i forkant av besøket.

Haust 2019: Askvoll, Fjaler, Flora og Hyllestad

 

Les for livet! (5.-7.-steg)
«Les for livet!» er ei intenst spennande framsyning som formidlar framifrå nynorsk barne- og ungdomslitteratur. I denne framtidsforteljinga får vi scener frå bøker som Keeperen og havet av Maria Parr, Svarte-Matilda av Tor Arve Røssland og Eg er eg er eg er av  Ruth Lilllegraven. Manusforfattar er Lars Mæhle. 

I samarbeid med DKS sender fylkesbiblioteket ut bokpakker til skulane og skulebiblioteka som får besøk.


Haust 2019: Jølster, Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Selje, Bremanger og Vågsøy

 

Forfattarmøte med Anders Totland (8.-10.steg)

Forfattar Anders Totland er ein samfunnsengasjert forfattar som med ein ny tekst tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. No blir han med ut på tur til dagsturhyttene for å snakke og diskutere dyrevelferd, matproduksjon, overforbruk og ikkje minst generasjonsforskjeller med elevane.

Teksten er utarbeidd på bestilling av fylkesbiblioteket, som har utvikla nokre diskusjonsspørsmål til teksten (sjå vedlegg på programside til skulesekken.no). 

Haust 2019: Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal og Årdal.

 

Forfattarbesøk med Terje Torkildsen (8.-10.steg)

Forfattarbesøka til Terje Torkildsen blir gjerne kalla for standup-bokbad. Torkildsen har jobba som standup-komikar i 20 år, og brukar mykje humor når han formidlar bøkene sine. Han snakkar med elevane om litteratur og lesing og skreddarsyr alltid opplegget etter ønskje frå lærarane og spørsmål frå elevane.

Fylkesbiblioteket har fleire av bøkene til Terje Torkildsen som klassesett og vil organisere utlån til dei aktuelle skulane.

Haust 2019: Førde, Gloppen, Jølster, Sogndal og Vik

Vår 2020: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje og Stryn

 

Adoptert nynorskforfattar (8.-10.steg)

Kven er eg eigentleg? Dette spørsmålet har forfattaren Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn og Fjordane stilt seg ofte. I denne produksjonen vil Tjønn gjennom ord og bilete vise kor viktig det nynorske språket er for han, kor tett språk og identitet heng saman, og korleis ei reise tilbake til fødelandet Sør-Korea fekk han til å forstå kvifor han blei forfattar. 

Fylkesbiblioteket har Smadra (2018) og Så vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn som klassesett og vil organisere utlån til dei aktuelle skulane.

Haust: Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal og Solund.

 

Les katalogen som syner heile tilbodet frå Den kulturelle skulesekken.