Lokal forfattar. Jenny Ødven Snildal frå Naustdal i Sunnfjord har kome med ei ny barnebok med tittelen Bakanfor på Lunde forlag: http://www.lundeforlag.no/bok.cfm?id=1591

Her kan du lese første kapittelet i den nye boka til Ødven Snildal: http://www.lundeforlag.no/_upl/bakanfor_1_kap.pdf

Hennar førre utgjeving for born kom i 2004 og hadde tittelen Serafel. For den fekk Ødven Snildal Emmausprisen, sjå Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Emmausprisen

Gamle kjente. Hardy-gutane er på farta att. Forlaget Vigmostad & Bjørke har kome med nye utgjevingar i spaningsserien. Kanskje ikkje den serien som er kjent for høgast litterær kvalitet, men kjempegod lesetrening som kan danne grunnlag og vere ein start for at brukaren les meir og soleis betre seinare.

Til no er to bøker med nyskrivne historiar av serien <<Nye Hardy-guttene>> kome på marknaden; Grønn terror og Ekstrem fare. Forlaget fortel at det kjem fire utgjevingar til neste år pluss nyutgjevingar av dei fire aller første bøkene i denne klassiske serien.

Dei nye historiane er moderne og har internett og mobiltelefoni som nokre av ingrediensane og slik kan dagens lesarar kjenne seg att. 

Meir om Nye Hardy-gutane her: http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/142085 

Fleire seriar. Den prisløna forfattaren Josefine Ottesen frå Danmark skriv populære bøker for barn og ungdom. Fantasyserien Drageherren er lettlesen og høver kanskje best for 4.-7. klasse. Historien om Mira er og fantasy og først og fremst for ungdomsskulesteget, sjå nærare på Barnebokkritikk; http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=470.

Ein anna serie Ottesen har skrive; Sagaen om Sigurd, kan passe for born ned til 3. klasse - den har og kjenneteikna til fantasysjangaren. Til sist er også Josefine Ottesen ansvarleg for teksten i bøkene om feen Rosalill: http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=440

Johan Unenge frå Sverige kjenner mange kanskje til. Fylkesbiblioteket har kjøpt dei tre første utgjevingane i lettlest-serien om dei to åtte år gamle jentene Josefine og Villa-Ulla - den tredje er nyleg kome ut. Bøkene har vennskap som hovudtema og kan vere fine å ha i samlinga. Titlane er Josefine og Villa-Ulla, Josefine og Villa-Ulla krangler og Josefine og Villa-Ulla snillest i verden.

Sjå mykje fyldigare omtale av desse siste nemnte bøkene på Barnebokkritikk; http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=447