Laurdag 6.2 var det offisiell opning av leseåret på Oslo City. Det har òg  kome fleire opplysningar om  fordeling av midlar og  kven som skal vere involvert og aktuelle aktørar i Leseåret. Målsettinga er som kjent ein nasjonal, heilskapleg  lesepolitikk med sikte på å styrke lesekompetansen i heile landet. Målgruppa er vaksne som les lite. Satsinga skal blant annet involvere LO, NHO, KS, HSH, Foreningen !Les, Norsk forfattersentrum og Leser søker bok. Slik er midlane fordelt: Leser søker bok har fått 1 million fra KKD. Midlane vert brukt på å framstille bokpakker og setje i gang aktivitetar i det ganske land i samarbeid med LO, som har fått 5 millionar. Foreningen Les og Norsk Forfattersentrum har fått penger både fra ABM og KKD  til å bidra med tiltak i leseåret. Forfattersentrum kan skaffe bibliotek og arbeidsplassar gratis forfatterbesøk, og Foreningen !Les vil fortsetje sin kampanje "Les for meg, pappa!", der dei ønskjer å motivere menn til vere lesande rollemodellar for born og slik  (gjen)oppdage eigen leseglede. ABM har fått strenge føringar på dei 6 millionane som skal brukast til tiltak i leseåret og som skal delast ut etter søknadar. Leser søker bok kjem til å tilby søknadsmalar som biblioteka kan bruke. Ein kan vel anta at biblioteket bør vere eit Bok til alle-bibliotek, men dette er uvisst. Vidare kjem Leser søker bok til å be alle "Bok til alle"-bibliotek å setje i gang med å finne arbeidsplassar eigna for prosjektet i sin kommune, og ta kontakt med fagbevegelsen der. Korleis  få realisert prosjekt i ditt bibliotek? Vi i Fylkesbiblioteket vil oppfordre så mange som mogleg til å  bli eit "Bok til alle"- bibliotek. I skrivande stund er det vel kun Høyanger folkebibliotek som er med i ordninga. Meir informasjon finn du på http://www.lesersokerbok.no/   eller ved å ta kontakt med Gunnvor Schei på Fylkesbiblioteket. For ei stund tilbake sendte vi ut mail fra prosjektet "Les for meg, pappa!" som søkte leseagenter. Vi håper prosjektet får mange entusiastiske leseagenter frå Sogn og Fjordane! Sjå også på kva moglegheiter som ligg i din kommune i forhold til samarbeid med arbeidslivet, KS og andre aktører som treffer samme målgruppe – vaksne som les lite. Bente Lund