Deon Meyer frå Sør-Afrika skriv krimbøker. Så langt har 50-åringen gitt ut seks bøker i denne sjangaren. To av dei er omsett til norsk. Dei har titlane Jegerens hjerte og Død ved daggry.

"Jegerens hjerte", er påskens mest halsbrekkende thriller", skriv Fredrik Wandrup i Dagbladet (11.mars, s. 41). "Årets beste spenningsroman", seier Jan Arild Teland i Bokavisen i mars om denne boka, http://www.bokavisen.no/bokanmeldelser/2008/03/jegerens_hjerte_av_deon_meyer.php

Hendinga i boka til Meyer er slik at helten må reise om lag 300 mil frå Cape Town til Zambia på under to timar - om han skal klare å redde livet til ein god ven.

Ein anna thriller som gjekk rett inn på bestselgarlistene i USA og England er Ondskapens hjerte av den amerikanske forfattaren Chelsea Cain (Dagbladet 11.mars, s. 50). Handlinga i denne romanen er i følgje avisa den at når lesaren møter etterforskar Sheridan, er det år sidan han vart teken til fange og torturert av den fagre seriemordaren Gretchen Lowell. No treng Sheridan hjelp frå Lowell for å sirkle inn og ta til fange ein ny seriemordar. Boka meldt mellom anna i Dagsavisen: http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article333371.ece

Aftenposten har samla meldingar av mange krimbøker her: http://oslopuls.no/article2300634.ece Tyskerungen av svenske Camilla Läckberg og På grunn av et løfte av Harlan Coben har fått terningskast seks av bokmeldaren.

Robert Wilson har mellom andre skrive fire bøker med handling frå Vest-Afrika. Den siste har tittelen Ondskapens kyst, meldt i Bokavisen her http://www.bokavisen.no/bokanmeldelser/2008/01/ondskapens_kyst_av_robert_wils.php

Den tredje jomfru er tittelen på den siste krimromanen til franske Fred Vargas. Meldaren i Bergens Tidende likar godt boka, http://www.bt.no/bergenpuls/litteratur/article520450.ece Men mottakinga i same avis er meir blanda for britiske Andrew Taylor si bok De fire siste ting, http://www.bt.no/bergenpuls/litteratur/article516085.ece

"Barbara Gowdys bok klarer imidlertid å rydde en egen liten nisje blant alle thrillere og politiromaner om kidnapping og kidnapperjakt." Det skriv den erfarne kriminallitteraturmeldaren Leif Ekle i NRK om Barbara Gowdy si bok Hjelpeløs. Han meiner at denne romanen av canadiske Gowdy har god litterær verdi, http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.4851282 

Akkurat NRK, i Boktilsynet i P2, har spurt Ekle og tre andre krimmeldarar om dei til no i år beste krimbøkene. Leif Ekle likar best Morderne i Betlehem av debutant Matt Rees, Ingrid Brekke i Aftenposten synest "den fredelege krimmen", som ho kallar boka Skumringstimen av Johan Thorin, er god. Og sonen til den kjente forfattaren Stephen King, Joe Hill, har med debuten Gode ønsker overtydd meldar Ola Heggdal i Dagens Næringsliv. Han kallar boka for velskreven, og gir den karakteristikkar som moderne skrekkhistorie, fantasyskrekk og påskeskrekk. Høyr krimbokmeldarane i Boktilsynet prate om desse tre nemnte bøkene i nett-radioen sending 15. mars, http://www.nrk.no/programmer/sider/boktilsynet/

Krim med handling frå Kina og nærare bestemt Shanghai er kanskje ikkje så vanleg. Forfattar Qiu Xiaolong er født i denne byen, men busett i USA frå 1989, i følgje bransjebladet til Den Norske Bokhandlerforening, Bok og Samfunn nr. 5 2008, s. 31, sjå nettstaden her http://www.bokogsamfunn.no/ 

Nyleg er bok nummer tre av Xiaolong komen på norsk om kriminalførstebetjent Chen i Shanghai. Den har tittelen To byer og får god mottaking i Aftenposten, http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article2300669.ece Forfattaren fekk  suksess med debutromanen En rød heltinnes død. Den andre boka om den kinesiske førstebetjenten heiter Når rødt er sort.

Svenskane ser ut til å fostre gode krimforfattarar. Mannen under trappen av Marie Hermanson er av meldaren i Dagsavisen skildra som "en av de bedre psykologiske thrillerne", les http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article333980.ece I same avis er siste boka til Val McDermid gitt positiv kritikk, http://www.dagsavisen.no/kultur/boker/article339276.ece   

Nemnte Matt Rees med krim frå Midt-Austen, frå Russland leverer Aleksandra Marinina krimlitteratur, John Burdett skriv kriminalsoger med handling frå Bangkok i Thailand, Paco Ignaico Taibo serverer krim frå hovudstaden sin; Mexico City, William Boyd krim- og spaningsbøker frå England, er forfattarar Fredrik Wandrup trekker fram i bilaget Bokekstra i Dagbladet torsdag 13.mars.   

Til slutt: Stavanger Aftenblad meiner dette om vinteren og våren sine norske krimutgjevingar: http://www.aftenbladet.no/debatt/kommentar/article609481.ece og nettleksikonet Wikipedia har denne oversikta om kriminallitteratur: http://no.wikipedia.org/wiki/Kriminallitteratur