Eg les gjerne:
Mine favorittar er biletbøker, barnebøker, fotobøker og bøker med både humor og alvor. Bøker som opnar opp for tankar ein ikkje har tenkt før gjer meg glad, samt bøker som skildrar det kvardagslege og relasjonane mellom oss folk.

Ragnar Hovland, Klaus Hagerup, Maria Parr, Per Olav Kaldestad, Erna Osland, Olav H Hauge og Arne Næss er nokon av mine favorittar, men eg er alltid open for nye oppdagingar.

Målgruppe:
Alle som vil bli lesne for, og gjerne også dei som er litt skeptiske. Det er ekstra stas å kunne overraske nokon som trudde at det eigentleg kom til å bli kjedeleg.

Område: Å Vestland, Vestland!

Bakgrunn: Eg har i mange år jobba som musikar og reist verda over med trekkspelet. Har gjeve ut nokre plater, illustrert ei barnesongbok og teke finsknorsk mastergrad I formidling av folkemusikk. Difor er trekkspelet ofte med når eg spreier leseglede også.

Fagre Stryn innerst inne i Nordfjorden er min base, og eg likar å flanere og spekulere. Drøymer sjølvsagt om å gje ut mi eiga barnebok ein veldig vakker dag.

Kontakt:
Tlf: 90 99 99 84
E-post: lindagytri@hotmail.com
www.lindagytri.com

 

Gå attende til oversikta over alle lesegledarane, eller legg inn bestilling via skjema så set vi deg i kontakt med nokon som kan passe.