Lesegledar fordi

Livet er fullt av tilfeldige hendingar. Eg snubla over lesegledarordninga på eit kurs i Florø, og tenkte at “ja, hurra, dette høyres kjekt ut!”. Sjølv er eg svært glad i bøker, og vil gjerne dele denne gleda med andre. Om mi lesegleding kan så eit lite frø hjå nokon, ja då er eg lukkeleg.

Eg les gjerne

Mine favorittar er biletbøker, barnebøker, fotobøker og bøker med både humor og alvor. Bøker som opnar opp for tankar ein ikkje har tenkt før gjer meg glad, samt bøker som skildrar det kvardagslege og relasjonane mellom oss folk.

Ragnar Hovland, Klaus Hagerup, Maria Parr, Per Olav Kaldestad, Erna Osland, Olav H Hauge og Arne Næss er nokon av mine favorittar, men eg er alltid open for nye oppdagingar.

Målgruppe

Alle som vil bli lesne for, og gjerne også dei som er litt skeptiske. Det er ekstra stas å kunne overraske nokon som trudde at det eigentleg kom til å bli kjedeleg.

Område

I utgangspunktet Stryn og omegn

Bakgrunn

Eg har i mange år jobba som musikar og reist verda over med trekkspelet. Har gjeve ut nokre plater, illustrert ei barnesongbok og teke finsknorsk mastergrad I formidling av folkemusikk. Difor er trekkspelet ofte med når eg spreier leseglede også.

Fagre Stryn innerst inne i Nordfjorden er min base, og eg likar å flanere og spekulere. Drøymer sjølvsagt om å gje ut mi eiga barnebok ein veldig vakker dag.

Bestill lesegledar!

 

< førre | neste >