Difor fann eg fram ei bok som heiter "Strategisk mediaplanering för folkebibliotek" og slo opp på ei side der det  står om korleis ein kan rekne ut bestand - utlån - omløp - kassering = samlingsutvikling

Med utgangspunkt i min heimkommune, som framleis er Kvinnherad, gjorde eg eit eksperiment. Kor stor skal tilveksten vera kvart år, og kor mykje skal ein ta vekk (kasta)?

Eg må ha nokre forutsetningar, ma. at bokstammen skal fornyast på 10 år, dvs. at nyinnkjøp skal vera 10% av totale bokstammen og kasseringa likeeins.

Kor stor skal då bokstammen vera?

Då må eg fyrst bestemma kor stort omløpet skal vera, og også kor stort utlån pr. innbyggjar vi ynskjer å ha (dvs. mål).

Dei fleste av kommunane i Sogn og Fjordane har eit omløp på under 1. Kva tyder det?

Sei at Kvinnherad kommune ynskjer å ha 8 utlån pr. innbyggjar (ca. 2 meir enn i dag) og omløp på 2,5 (som er lite dersom ein skal tru på forfattarane av boka).

Då skal Kvinnherad med 13100 innbyggjara  ha 104 800 utlån pr år ( 20 000 meir enn i dag) og dersom ein vel å ha omlølp på 2,5 så er bestandsbehovet 104 800 / 2,5 = 41 920 bøker mm,  tilveksten pr. år skal då vera 41 92 bøker og kassering det samme.

Dersom de ikkje har lånt ei god bok til ferien, så kan de òg leika dykk med tal!

Ha ein fin-fin sommar!

Helsing
Ágúst Magnússon