Forlaget Gyldendal har ein serie kalla "Lett å lese", spesialskrivne for vaksne med leseproblem: http://wwhttp://www.gyldendal.no/new/default.asp?ID_Collection=5998A8677B659FB9C1256F480055D070

Cappelen Damm er ansvarleg for ein serie kalla "Løve Pluss", http://www.cappelendamm.no/main/katalog.aspx?f=10156&serieid=3646 men kan hende er desse bøkene for barnslege. Vi tilrår desse bøkene opp til 7. klasse.

Meir om lettlest fantasy finn du her i "Det fantastiske hjørnet" hos Biblioteksentralen der Aud Kristine Johnsen oppheld seg: http://www.bibsent.no/fantastisk/index.aspx

Kanskje serien "Faktaløve" passar betre - om ikkje faktaa vert for lite opplysande og informative for dei på det vidaregåande steget: http://www.cappelendamm.no/main/katalog.aspx?f=10159&serieid=3615

Noveller og teikneserieromanar kan vere sjangrar å vise fram for dei som kavar med lesinga. Teikneseriar som Pondus, Nemi, Rocky er populære, spesielt førstnemnte.

Snakka med Anne, kollegaen min, om lettlest litteratur for ungdom 16-20 år: Ho nemnte forfattarane Reidar Kjelsen og bøkene om Jon Demon!, Erlend Loe og bøkene om Kurt, Josefin Ottesen og Drageherren (lettlest fantasy) og Rune Belsvik og boka Alle dei fine jentene (utgitt på Samlaget i serien "Sirius ungdom")

Samlaget har ein lettlest-serie med namnet Komet ungdom (13+), men berre to titlar er komen ut: http://www.samlaget.no/serie.cfm?id=271

Som de ser er det diverre få lettleste titlar på nynorsk for ungdom, og dette er omtalt i siste nummer av Bok og Bibliotek side 28-29: http://www.bokogbibliotek.no/images/stories/pdf-2008/bob_0408-web.pdf

Leser søker bok. Eit søk i basen deira på lettlesne bøker for ungdom på nynorsk: http://www.boksok.no/sokeresultat.shtml?book_form=Enkel+tekst&age=Ungdom&language=Nynorsk&sort=2&text=&type=2&Submit=S%F8k+bok

Her er utvida boksøk ved Leser bøker bok: http://www.boksok.no/sok.shtml

Her er 26 lettlesne fag-og skjønnlitterære titlar for ungdom 13-15 år frå dei siste tre åra eigd av Biblioteka i indre Sunnfjord og Fylkesbiblioteket - kanskje eitkvart for dei som slit med lesinga og er i alderen 16-20 år: http://www.sf.fylkesbibl.no/cgi-bin/websok?avsok_avgrens_002=ag=mu&avsok_avgrens_003=bn=ta&avsok_avgrens_aarfra=2004&avsok_avgrens_aartil=2008&sortering=aar&tpid=18009&avskjema=1&mode=vt&st=a