Samlaget hatt tatt grep og gir ut Komet-serien, som er fire seriar basert på ulike alderstrinn. Les meir om Komet-serien her.

Dei populære seriane Leseløve (Cappelen Damm) og Lesehesten (Aschehoug) har nokre få titlar på nynorsk: Bøkene om Kasper og bøkene om Stian av Jørn Jensen. Ellers har serien bøker om fotballlaget Knoterud FK av Lars Mæhle, bøkene om Frans av Christine Nøstlinger og to bøker av Hans Sande, der den eine ”Er du blind i dag, Elise?” er ny i år og bestilt inn av fylkesbiblioteket. Vi har også nokre av desse bøkene som klassesett.

I serien Min første leseløve (med blokkbokstaver) er det berre to bøker på nynorsk: Stian på Sirkus av Jørn Jensen og Vers på tvers av Finn Øglænd.

Når det gjeld Lesehest-serien fins det tre bøker på nynorsk: Fuglefangartreet av Torvald Sund, Den gongen eg liksom-døydde og Pluselig ville eg ikkje laga dorull-dyr lenger, begge av Bjørn Sortland.

Ei nyttig side om lettleste bøker er Leser søker bok si heimeside kor ein kan søke etter tilrettelagde bøker (boksøk.no): http://www.boksok.no/

Ein veldig flott oversikt over lettleste bøker ligg ute på Issuu og er laga av Rolf Steinar, bibliotekar ved Lindesnes bibliotek. Sjå presentasjonen her:http://issuu.com/rolfsteinar. Issu verkar forøvrig å vere eit glimrande reiskap for å publisere eigne skriftlege materiell. Kanskje noko for biblioteka?