"Lettare litteraturnett" er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Nordland fylkesbibliotek om å utvikle ein metode for å bygge opp lokale litteraturnett på ein enkel måte.

Målet for prosjektet er å leggje til rette for å synleggjere og formidle lokale forfattarar og litteratur i større grad. Prosjektet vil innebere å utvikle eit malverk for oppbygging av litteraturnett, å finne løysingar for å hente ut data frå opne kunnskapskjelder og deretter å formidle data inn i litteraturnetta.

I prosjektet vil vi basere oss på prinsippet om lagring av data ein stad, og aktiv bruk av eksisterande kunnskapskjelder som Wikipedia og Nasjonalbiblioteket sine databaser. I utviklinga av teknisk løysing vil vi satse på gjenbruk av eksisterande, fritt tilgjengeleg programvare, programkomponentar og kommunikasjonsløysingar.

Litteratur-/forfattarnett for Nordland og for Sogn og Fjordane vil bli overførde til/etablerte basert på løysinga som blir utvikla. Programvare og metodar frå prosjektet vil også fritt kunne brukast av andre aktørar som vil etablere litteraturnett.

Fylkesbiblioteka har saman utarbeidd ein kravspesifikasjon, som klargjer kva ein ynskjer å oppnå. Etter utlysing i Doffin blei Netpower engasjert til å gjennomføre utviklingsarbeidet i tett samarbeid med fylkesbiblioteka. Det blir nytta Wordpress som plattform i utviklinga.

I første fase vil forfattarinformasjon frå Wikipedia bli kombinert med data henta frå bokhylla.no, og presentert samla på nettstader for hhv. Sogn og Fjordane og Nord-Norge. Parallelt med arbeidet med teknisk løysing, har ein registrert forfattaropplysningar i Wikipedia. For Sogn og Fjordane er det i juni 2017 registrert over 500 forfattar med tilknyting til fylket i nynorsk-Wikipedia.

Første versjon av dei to litteratur-/forfattarnetta er lansert, og i ein testfase; Forfattarar frå Sogn og Fjordane og Litteraturnett Nord-Norge.

Vi fekk tildelt 400 000 frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet i 2014. Det er søkt om midlar til sluttføring/gjennomføring av del 2 i prosjektet, der vi spesielt vil sjå på mogelegheita for å hente inn fleire typar data frå Nasjonalbiblioteket sine databasar, i form av lyd, bilete, avisartiklar mm.