Vil du vere med å gje andre menneske ein betre kvardag? Då kan du bli leseombod! Kort fortalt er eit leseombod ein person som les høgt for andre som ikkje kan lese sjølv. Det er ingen formelle krav for å bli leseombud, alle som kan lese høgt kan bli leseombod. 

Kulturavdelinga i fylkeskommunen og fylkesbiblioteket arbeider no for at både bebuarar på institusjonar og heimebuande eldre kan få besøk av leseombod.