Om lesegledarordninga

Lesegledarordninga starta opp skuleåret 2015/2016 i samarbeid med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Ordninga gir høve til å bestille ein lesegledar på besøk til skular, bibliotek, barnehagar, eller andre som ønskjer å få presentert nye bøker. Frå 2017 samarbeider Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane om å tilby Nynorske lesegledarar i dei tre fylka.

I Sogn og Fjorande har vi over 10 aktive lesegledarar, dei fleste med bakgrunn frå skule eller bibliotek. Lesegledarane er kursa av fylkesbiblioteket og Nynorsksenteret og har eit godt overblikk over ny barne- og ungdomslitteratur, spesielt den nynorske litteraturen.

Lesegledaroppdrag

Ei lesegledarøkt er på inntil ein time og kan ha mange former og ulike tilhøyrarar, men med felles mål om å bidra til leselyst. Det kan dreie seg om ei lesestund for ei gruppe, presentasjon av korte smakebitar, eller framsyning av eit utval aktuelle bøker for målgruppa. Tema kan td. også vere kvifor lesing er viktig eller korleis ein kan leggje til rette for lesing. Alle lesegledarane legg opp lesegledarøkta etter nærare avtale med oppdragsgjevar.

Lesegledaren formidlar gjerne direkte til målgruppa, eller til vaksne som er mellom boka og barnet, som lærarar eller foreldre. Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til biblioteket, foreldremøte eller personalmøte – eller til andre typar samlingar der ein ønskjer å få presentert barne- og ungdomsbøker for ei bestemd målgruppe.

Pris/kostnader

Nynorsksenteret og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek betaler honoraret, og oppdragsgjevar dekkjer reise og eventuelt kostgodtgjersle for lesegledaren i skuleåret 2018/2019. Reiserekning vert sendt oppdragsgjevar i etterkant av oppdraget. Kvar oppdragsgjevar får som utgangspunkt dekka eitt oppdrag à 45 minutt per semester. Oppdragsgjevar kan sjølv velje å dekkje fleire oppdrag/ekstra tid, men då etter avtale direkte med lesegledaren.

Tal oppdrag vil vere avhengig både av økonomiske rammer, etterspurnad og lesegledarane sin kapasitet i høve arbeidsoppgåver elles. Dersom vi får mange førespurnader, kan fylkesbiblioteket prioritere eit utval for å fordele ordninga på ulike målgrupper og regionar.

Ta kontakt med fylkesbiblioteket, v/Siv Hatlem for å avklare om de kan få oppdraget dekka.

Korleis bestille?

Finn ein lesegledar som har ein meny som passar deg, og som dekkjer ditt geografiske område. Send inn ei bestilling via dette skjemaet, eller ta kontakt direkte med lesegledaren på telefon eller e-post.

Nedanfor er lesegledarane presenterte, du kan lese meir om kvar enkelt ved å trykke på namnet. Enkelte vil helst formidle til foreldre og vaksne som jobbar med barn, eller til ei bestemd aldersgruppe. Nokre reiser gjerne i heile fylket, medan andre føretrekkjer å vere i nærområdet sitt.

Alle lesegledarane