Det er framhald av bibliotekmeldinga at ”2010 vert eit nasjonalt leseår som ein start på ei brei og omfattande satsing for eit nasjonalt leseløft fram mot 2014”. Kulturdepartementet samarbeider med Kunnskapsdepartementet om gjennomføringa av leseåret, og det er løyvd seks millionar kroner til arbeidet. Ideen til Leseåret 2010 kom frå Norsk Bibliotekforeining og Landsorganisasjonen. Kulturdepartementet legg føringane for satsinga, som har vaksne som les lite som hovudmålgruppe. Les meir her: http://www.norskbibliotekforening.no/article.php?id=2080 Mykje har vore uklart omkring Leseåret, ettersom ABM-Utvikling først melde at dei skulle vere sekretariat, men sidan blei det klart at det ikkje var tilfelle. Dei som ønska prosjektstøtte vart oppmoda til å søkje støtte hos KKD. NBF kom tidlig på banen og etterlyste nasjonale føringar for prosjektet. Følg debatten her: http://www.dagsavisen.no/kultur/article458970.ece  og her: http://www.norskbibliotekforening.no/article.php?id=2275&p= Siste nytt er at Foreningen !les saman med Leser søker bok, Norsk Forfattersentrum og ABM-Utvikling skal skipe eit ”signalprosjekt” som retter seg mot vaksne og med arbeidslivet som arena for formidling av litteratur og stimulering av leselyst. Les meir om aktuelle aktører i Leseåret her: http://www.foreningenles.no/index.php?option=com_content&view=article&id=372&Itemid=123 Vi følgjer spent med vidare på kva som skal skje med Leseåret. Under Stortingets spørjetime den 13.1 sa kulturminister Anniken Huitfelt at dei i løpet av kort tid vil presentere planane for Leseåret. I mellomtida kan det vere ein god ide å følgje med på bloggen til intiativtakar Ine Marit Torsvik Bertelsen for å få jamlege oppdateringar om leseåret: http://inemarit.wordpress.com/ Etter at informasjon om Leseåret har latt vente på seg, har mange folkebibliotek tatt oppmodinga om å sette i gang eigne arrangement retta mot målgruppene for Leseåret. Til dømes slik ”Årets Bibliotek”, Asker Bibliotek, har gjort: http://www.askerbibliotek.no/Vare-samlinger/Skjonnlitteratur/Lesearet-2010/ Vi er veldig spent på å høyre kva biblioteka her i fylket tenker om Leseåret. Kom gjerne med innspel og eventuelle planar for ditt bibliotek! Bente Lund